Ullundertøy og ulltepper
Godull kan vaskast på 40 grader og tåler å bli sentrifugert. Vi brukar vanleg ullprogram på våre eigne plagg, for vi trur dei varer enda lengre då. Bruk eit vaskemiddel som er laga for ull, som til dømes ullshampoen vår. Denne er laga for å gje ulla litt ekstra skydd, ikkje berre gjere det reint. Dessutan er det økologisk. Men for all del, Milo fungerer også.
Lin
Lin tåler ganske mykje, men hald deg til 60 grader sidan det er nok i massevis. Også her bør du bruke eit mildt vaskemiddel, gjerne Milo eller liknande. Bruk gjerne eit vaskeprogram som har redusert fart på sentrifuga, då blir ikkje stoffet så krøllete. Vil du halde på stivheita i stoffet, så la det heng til tørk. Vil du ha det litt mjukare kan du tørke det i tørketrommel, men bruk då ein trommelball, tennisball eller liknande for å “banke” det litt inne i trommelen. Både vaskemaskiner og tromlar er veldig forskjellige, så du finn nok ut av korleis du handterer tøyet ditt etterkvart.
Flekkfjerning
Sitronsåpe er noko av det mest nyttige du kan ha på vaskerommet. Med den blir du kvitt dei mest gjenstridige flekkane på kva tekstil det skulle vere, frå ull og silke til Gortex og dongeri. vår er økologisk, den varer svært lenge og ikkje minst så luktar den friskt og godt og fjerner vond lukt frå tøyet ditt.