Såpenøtter er det hottaste vaskemiddelet for alle som er opptekne av berekraft, vern om miljøet, arbeid for å minimere avfallsmengdene "zero waste" og for å redusere miljøgiftene vi sender i frå oss til dagleg. Og ikkje utan grunn. Men kva er det eigentleg? Det vi kallar såpenøtter er skalet på såpebæret, som er eit bær som kjem frå ulike sortar av den tropiske trearten Sapindus (SNL.no). Du har ingenting å frykte om du er allergisk mot nøtter altså.

Skalet frå såpebæret er fullt av stoffet saponin, som har vore nytta som vaskemiddel i tusenvis av år.
Berekraft
Med det eg har klart å lese meg fram til så tek det omlag 9 år frå eit såpebærtre er planta til det ber bær, og frå då av kan treet haustast 6 månader i året i 90 år! I ei vask brukar ein 4-5 såpenøttskal om gangen, og desse skala igjen kan brukast 4-5 gongar. Samstundes med at trea i alle desse åra er med og bind CO2 og produserer O2. Eg kallar det både bærekraftig og god utnytting av varene. Ok, eg kan vere med på at det å frakte skal frå bær halvvegs rundt kloden kanskje ikkje er det mest energieffektive. Det osar sikkert rikeleg med CO2 ut av dei skipa som fraktar dei også. Eg trur likevel vi går i pluss når alle fordelane blir lagt saman. Og rett skal vere rett, det er jo ikkje slik at økologisk bomull og sugerør av bambus blir laga rett utanfor stovedøra vår heller.
Pengar spart...
Det var mor mi som først gjorde meg merksam på såpenøttskala. Ho er ganske så frampå når det gjeld alternative måtar å gjere ting på, og er stadig på leit etter noko som anten er fornuftig eller sunt. Om eg ikkje alltid er like begeistra for eller overtydd om verknaden av dei skabelonar og remediar ho byr på, så var eg ikkje vanskeleg å overtale til å prøve såpenøtter. Eg skal medgje - det hjalp også at økonomien i det er ein velkomen fordel også. Når eg samalikna kor mange vask eg fekk ut av kvar krone, var eg ikkje sein å be.
Kva er skilnaden?
Eg skal ikkje gje meg ut på nokon vitskapleg utgreiing om dei ulike produkta, det kan eg altfor lite til. Men eg ser på økonomien og bærekraftaspektet. Eg har knipsa to bilete av opplysningane som er trykt bak på heilt ordinære vaskemiddel som er brukt i norske heimar idag. Eit i pulverform og eit i flytande form.

Vanleg vaskemiddel i pulverform.

Vanleg vaskemiddel i flytande form.
Legg først merke til vekta/volumet på dei to, og kor mange vask ein får ut av denne boksen. 4,5 kilo gjev 105 vask og 595 ml gjev 17 vask. Så kan du sjå nærare på dei andre opplysningane som står der. Noko er absolutt gode råd som om at du bør vaske med full maskin, senke temperaturen på vasken for å beskytte miljøet og om du er husstøvallergiker så bør du vaske sengetøy på minst 60 grader etc. Men der står også at du bør skylle hendene godt etter kontakt med produktet og at produktet er skadeleg for miljøet. Den siste setninga på det flytande middelet seier "Innhold leveres til kommunalt mottak for farlig avfall". Det visste eg faktisk ikkje...
Kva kostar det?
Pulvervasken er kjøpt på Felleskjøpet, der får ein slike store boksar for 149,- kroner. Med 105 vask for den prisen får ein altså ein vask for 1,42 kr. Det riv ikkje i portemonéen det, eg skal vere enig idet. Den flytande eg har teke bilete av er rett nok ei lita flaske (39.90 på tebod), så eg nyttar Felleskjøpet sine prisar igjen for å gjere det billegast mogleg. Der får du 2 liter flytande tøyvask for 129,- (på kampanje) av same merket (eg tippar plastflaska med innhald veg ein stad mellom 2 og 3 kg). Det gjev visst 57 vask, noko som blir 2,26 kr per maskin. Ikkje nokon blodpris det heller om ein tenkjer vask for vask. Det er klart, desse prisane gjeld om vi doserer riktig - og det gjer vi vel...
Når det kjem til såpenøttskal og økonomi, så er prisen likevel noko ganske anna. Vi sel såpenøttskal i så mange 100 gram som kunden vil ha det. Vi kjøper i kilovis og doserer det i posar av lin som vi har sydd sjølv. Kiloprisen vår er 249 kr, noko som vil seie at kvar vask kostar 0,52 kroner per vask. Du kan nemleg bruke oppatt skala 3-5 gongar før du komposterer dei.
Når såpeskala er oppbrukte, kan du enda tyne noko ut av dei. Dei kan for eksempel kokast og uttrekket brukast til flytande såpe. Eg skal ta for meg korleis det blir gjort ein annan gong.

Såpenøttskal
Såpenøtter - berekraft i eit nøtteskal
Sjølv om økonomien i å bruke såpenøtter er svært god, så er eg ikkje mindre medviten at eg faktisk ville ha betalt litt ekstra for å få eit så berekraftig produkt som såpenøtter er. Vi snakkar null plastikk, ikkje eit einaste giftig eller miljøskadeleg fiber, 100% naturleg og fullstendig komposterbart. Ein treng ikkje ein gong resirkulere det, berre ha det rett i kompostbingen eller i matavfallet. Også linposen som skala kjem i, kan nyttast til mykje lurt - også den komposterbar. Om du ønskjer å vere enda meir miljøvenleg og vaske kleda dine i kaldt vatn, må du først bløyte såpenøttene i varmt vatn. Såpenøttene må utsettast for varme før saponinen blir utløyst. Såpenøttskal kan brukast frå 30-90 grader.
Allergi og andre plager
Sjølv er eg allergisk mot parfymert vaskemiddel. Såpenøttskalet er såkalla hypoallergent. Sjølv om dette ikkje er eit regulert medisinsk uttrykk, så betyr det at det er lite sannsynleg at dei inneheld allergiframkallande stoff. Godt for oss med sensitiv hud! Som ein liten kuriositet kan eg nemne at eg fann ein artikkel i Bioteknologirådet sitt tidsskrift "Genialt" (Rogne og Gundersen, 2002 s. 19) om forsking på såpebæret i Etiopia. Etiopiske kvinner har i alle tider brukt såpebæret til vask av kle, og har etter alt å døme med det halde sjukdomen bilharzia på avstand. Dette er ein parasittsjukdom som tusenvis av menneske dør av kvart år (SNL.no). Bilharzia er den mest utbreidde parasittsjukdomen i Afrika etter malaria og såpebæret inneheld altså ei gift som tek knekken på denne parasitten. Vi er heldige som ikkje har slike omsyn å ta når vi vaskar kle. Vi får gjere vårt og ta vare på naturen med dei midla vi kan. Det heng i hop alt.
Om du vil følge med på kva som skjer på bloggen og motta informasjon om tilbod og anna frå oss, så legg igjen epostadressa di under her. Vi lovar å ikkje bruke adressa di til noko anna enn informasjon frå oss, og den vil aldri bli seld eller sendt til nokon andre. Vi vil heller ikkje fylle postkassa di med post i tide og utide. Kors på halsen!