Vi held til på Flatraket, ei lita bygd i vakre Nordfjord på Vestlandet. Her syr og strikkar vi varene du finn i nettbutikken. Noko produksjon foregår også i Bergen, sidan Vibeke held til der for tida.
Ingunn Vetrhus Kroken
Ingunn er gründeren bak Godull. Ho starta bedrifta den gongen renta på etablererlån var 18% og bankmenn ikkje hadde den heilt store trua på kvinnfolk i business. Likevel fekk ho dreisen på det, og er den som har stått for den faktiske produksjonen heile tida. No er produksjonen av ulltøyet flagga ut til England som eit prøveprosjekt, men teppa er det Ingunn som har første og siste hand på.
Vibeke Kroken
Som dotter av Ingunn har Vibeke naturleg nok vakse opp med ullprodukta og brukt dei frå første dag. Ho har difor blitt avhengig brukar av alt ulltøy som har kome frå produksjonen til Ingunn, både av undertøy og tepper.
Vibeke er den som har drege lintøyet inn i firmaet. Det skjedde etter ein Homestay-tur til Oslo, der fire overnattingar i nydeleg, solid baltisk lin på ein sofa i Prinsens Gate gav meirsmak. Endeleg hadde ho funne det sengetøyet ho hadde leita etter, men det var ikkje å oppdrive nokon stad i landet. Då vart løysinga å produsere det sjølv, og det vil ho gjerne dele med alle.