• Skip to primary navigation
  • Skip to content
  • Skip to primary sidebar

Godull godlin

  • Butikk
    • Fargepalett
    • Konto
  • restekorg
  • Handlekorg
  • Frakt – fakta
    • Frakt
    • Vask og stell
    • Fakta om lintøyet
    • Fakta om ullundertøyet
    • Om oss
    • Personvern
  • Blogg
    • Litt mindre – litt betre

Fakta om lintøyet

Linstoffet vi brukar er produsert i Kviterussland, eit land som er kjend for høg kvalitet på linprodukta sine. Stoffet er vevd og farga når vi får det. Vi vaskar og syr sengetøyet og handklea sjølve, slik at vi raskt kan gjere endringar eller tilpasse produkta heilt etter kunden sine ønskjer.

Sengetøy i 100% lin

Sengesett detalj

Vi brukar lin som veg litt meir enn det vanlege, tynne sengetøyslinet som er vanleg. Faktisk nesten 100 gr meir per m2. Vi gjer det fordi vi likar at det er litt hald i sengetøyet: Dyna verkar tyngre og luftigheita i dyna vert teken vare på. Om sommaren er lintøyet svalande og om vinteren lunar det, nettopp på grunn av luftigheita som blir bevart i dyna. Om sommaren kan det faktisk vere like greit å bruke berre dyretrekket som dekke om natta. Dette er utprøvd og svært behagleg på dei varmaste nettene.

"Dette var fantastisk!"

«Jeg var redd for at sengetøyet var for grovt i vevingen og at det ville klø.  For vel en uke siden la vi på det nye sengetøyet. Det fungerer perfekt! Det er tyngre enn vanlig sengetøy. Det gjør at dynen legger seg bedre rundt kroppen og det føles som om det er en støtte som støtter opp om kroppen og at man ligger mer stabilt. All skepsis er borte. Dette var fantastisk! Blir spennende å se hvordan det vil virke på sommerstid. Muligens det da kan bli for varmt, men det gjenstår å prøve. Så langt er vår «sommererfaring» med sengetøy dyre versjoner som er med silke».

Geir Bergflødt

Handkle i 100% lin

Handkle i 100% lin

Handklea er laga av lin som i utganspunktet er svært laust vevd, i ein struktur som er produsert nettopp til formålet handkle. Når vi vaskar linet, krympar det 33% slik at linet kjem saman og samstundes gjev det ei veldig strukturert overflate. Denne strukturen gjev den herlige vesle "skrubben" som vi er ute etter. Ein av fordelane med handkle i 100% lin, er at det sug raskt opp vatn og tørkar fort. Saman med dei naturlege bakteriehemmande eigenskapane til linet,  gjer dette at handkleet held seg friskt og kan brukast fleire gonger før du må vaske det. Dessutan tek det langt mindre plass i skapet enn handkle av den meir fluffy typen.

Vask og stell av lin

Alt av lintøy som vi produserer kan vaskast på 40 grader. Bruk gjerne et vaskemiddel for naturfiber, som for eksempel Milo. Det kan vere greit å velje eit vaskeprogram som har redusert fart på sentrifuga. Om du vil beholde stivheita i stoffet, let du det tørke på snor. Strekk det før du heng det opp. Vil du ha det mjukare så tromlar du tøyet, gjerne saman med trommelballar, ein tennisball eller liknande. Lintøyet vil bli mjukare og blankare di meir det vert brukt. Lin skal ALDRI strykast tørt. Her har mange vakre bunadsskjorter blitt øydelagde. Litt fukt gjer det dessutan lettare å stryke, dersom ein absolutt vil stryke då. 

Primary Sidebar

butikken

  • Til badet
  • Til kjøkkenet
  • Sy sjølv
  • Til soverommet
  • Til stua
  • Lin
  • Restar
  • Ull
  • Til klesvasken

Handlekurv

Copyright © 2019 · Org.nr 992 752 645 · Ull og lin · Godull Godlin